Jordboka

Det fantastiske universet under føttene våre

Det aller meste me har gjort, tenkt og trudd om å dyrka jorda og om kva mold er og gjer, har vore
feil og øydeleggjande. Det aller meste må forandrast. Mennesket veit eigentleg uhyre lite.

kr 399

Ikke på lager, tilgjengelig som restordre

Legg til i ønskeliste
Legg til i ønskeliste
Varenummer: 863017 Kategori:
Utgivelsesår:2017-10
Antall sider:224
Fotos - illustrasjoner:Fargefotos
ISBN:9788269084603
Språk:Norsk
Forlag:Forlaget Nyskaping
Forfatter:Dag Jørund Lønning

Under føtene våre finst eit univers av liv så rikt og komplekst at det sprenger rammene for det me er i stand til å fatta. Det er eit univers me kan uhyre lite om, og som me i liten grad har interessert oss for. Men det er heilt avgjerande for vår menneskelege eksistens.

Det vesle me veit peikar mot følgjande:

Den viktigaste nøkkelen til ei berekraftig framtid for planeten vår er ikkje verken ny teknologi, klimakvotehandel eller internasjonalt diplomati.

Nøkkelen finst i kvarmannsens hage. Me trør på den dagleg. Nøkkelen er mold.

Menneske og mold
Jordboka er historier om menneske og mold. Om várt og meiningsfullt samspel, men også om undertrykking og brutal øydeleggjing.

Liv
I ein liten neve jord, kan det finnast 1 trillion (!) levande organismar.
Utan livet i molda kan ingenting eksistera.

Håp
Først og fremst er Jordboka likevel kunnskap som gir håp. For landbruket og matproduksjonen, for menneskja, for planeten.

Visste du at:

  • mold kan vera den billegaste og beste løysinga på klimautfordringane?
  • den aller mest avanserte teknologien for effektiv matproduksjon finst i molda allereie, og er gratis og fritt tilgjengeleg for den som evnar å ta den i bruk?
  • verdas kanskje mest økonomisk produktive bønder verken pløyer, gjødslar, sprøytar eller lukar?
  • mold er det einaste guddommelege stoffet på planeten?
  • det er vanleg i store delar av verda å eta mold?
  • det største vesenet som nokon gong har levd på jorda finst nede i molda enno – er tusenvis av år gamal og fleire kvadratkilometer stor?
  • Karl Marx ikkje grov djupt nok?
  • me står framfor ein ny grøn revolusjon, som kan endra matproduksjonen og mennesket sitt forhold til naturen for all framtid?
Handlekurv